Enivest har ikke nok data til å bli vurdert.
Klikk for detaljer
Umuleg å få tak i kundeservice / feilretting på kveld og helg. Når en ringer kundeservice vert det henvist til nettside og driftsmeldingar. Umuleg å finne den sida....
Hei Ole, Takk for tilbakemeldinga di! Vi forstår frustrasjonen og set pris på at du seier ifrå. Om du opplever utfordringar med å finne informasjon eller få hjelp, er du velkomen til å ta kontakt med oss igjen, så skal vi hjelpe deg så raskt som mogleg. Vår nettside er www.enivest.no Helsing oss i Enivest
Tilbyr 100/100 som lågaste kapasitet. Kunne klart oss med under halvparten. Har i tillegg skrudd opp prisen med 41 kr/mnd. Luse gjort når ein har monopol på fiber i området.
Hei, Takk for tilbakemeldinga di. Vi forstår at behova kan variere, og prisjusteringa er nødvendig for å oppretthalde og vidareutvikle tenestene våre. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ønsker å diskutere dette vidare. Helsing oss i Enivest
Det er for ustabilt. Eg har hjemmekontor og merker det i td Teams at eg må slå av bildet ellers bjynder lyden å hakke.
Hei Alexander, Takk for tilbakemeldinga di. Dette er ikkje slik det skal vere, og vi vil gjerne hjelpe deg med å finne ei løysing. Ta gjerne kontakt med oss, så kan vi undersøke og rette opp eventuelle problem med tilkoplinga di. Helsing oss i Enivest
Rask service om det er problem. Overkommelig pris 10/10
Hei Ole, Tusen takk for tilbakemelding! Så kjekt å høyre at du er fornøgd med både servicen og prisane våre – det motiverer oss til å fortsette å levere topp kvalitet! 😊 Helsing oss i Enivest
Veldig fornøyd med hjemmenettverket! Stabil hastighet og enkel installasjon. Anbefales!
Hei, Tusen takk for ein flott tilbakemelding! Ha ein fin veke :-) Helsing oss i Enivest
Har alltid fått god hjelp hjå kundeservice. Dei fiksar oppdatering og finn feil som dei ordnar på telefon. Alltid hyggjelege👍
Hei Arve, Tusen takk for flott tilbakemelding! Det er veldig kjekt å høyre at du er nøgd med hjelpa frå vårt kundesenter. Helsing oss i Enivest
Hyggelige og behjelpelige folk som prøver å løyse problem som dukkar opp i forbindelse med det nye fibernettet.
Hei Odd, Tusen takk for hyggjeleg tilbakemelding! Det er godt å høyre. Vi set stor pris på at du har valt oss som leverandør og gjer vårt beste for at du skal ha ei stabil og god oppleving. Ta gjerne kontakt om det er noko meir vi kan hjelpe med! Helsing oss i Enivest