Enivest opplever for tiden en nøytral trend i kundevurderinger.
Klikk for detaljer
Eg gjekk over til Telenor November i fjor men må betale enda 6 mnd etter pg feil i kommunikasjon med oppsigelse. Dei burde fått med seg att eg ikkje var tilknyttet selskapet. Ikkje godt nok.
Hei Arnold, Takk for at du deler opplevinga di – det er leit å høyre at oppseiinga ikkje vart fanga opp som forventa. Vi forstår godt frustrasjonen med å måtte betale for ei teneste du meinte var avslutta. Dersom det er uklart kva som har skjedd, eller du meiner du har betalt for ei teneste du ikkje har brukt, vil vi gjerne sjå nærare på saka og finne ei løysing saman med deg. Ta gjerne kontakt med Kundesenteret vårt, så ser vi kva vi kan gjere for å rette opp og sikre at du får ei god oppfølging. Helsing oss i Enivest
Mista internettsignalet. 4 dagar etterpå fekk eg sett opp en time til feilretting, den timen var 14 dagar fram i tid. So då er det totalt 18 dagar utan internett. Det syns eg er for dårleg av en internett leverandør i 2025
Hei Roger, Takk for at du melder frå om opplevinga di. Vi forstår godt frustrasjonen over å vere utan internett så lenge, og dette er sjølvsagt ikkje slik det skal vere. Vi har fått stadfesta av montør at du er kontakta for ny timeavtale, då denne blei sendt ut med feil tidspunkt. Vi beklagar på det sterkaste! Helsing oss i Enivest
Avtala mellom Telia/Enivest og TV2 er utgått, og tilbudet om kompensasjon for manglene TV/kanaler er kr 109. Tilsvarende ab med TV2 play koster 179 (må ha TV2 play favoritt for dette) + 29 for 4 steder, altså 208 pr mnd. Altså en underkompensasjon på 99/mnd. Enivest viser ingen forståelse for dette, desverre nok et eksempel på dårlig kundebehandling
Hei Helge, Vi forstår godt at denne situasjonen kan opplevast frustrerande, og vi set pris på at du tek deg tid til å gi oss tilbakemelding. Forhandlingane mellom TV 2 og Telia, som påverkar TV-tilbodet vårt, er utanfor vår kontroll. Vi ønsker sjølvsagt å tilby eit best mogleg TV-produkt til kundane våre, og vi har difor lagt til rette for ein kompensasjon på 109 kr per månad så lenge TV 2-kanalane ikkje er tilgjengelege. Vi håpar at du finn ein løysing som fungerer for deg inntil situasjonen er avklart. Du kan lese meir om dette på nettsida vår: https://www.enivest.no/kundesenter/tv-2-forhandlingar-februar2025 Takk for at du deler dine synspunkt – Vi set stor pris på deg som kunde!
Umuleg å få tak i kundeservice / feilretting på kveld og helg. Når en ringer kundeservice vert det henvist til nettside og driftsmeldingar. Umuleg å finne den sida....
Hei Ole, Takk for tilbakemeldinga di! Vi forstår frustrasjonen og set pris på at du seier ifrå. Om du opplever utfordringar med å finne informasjon eller få hjelp, er du velkomen til å ta kontakt med oss igjen, så skal vi hjelpe deg så raskt som mogleg. Vår nettside er www.enivest.no Helsing oss i Enivest
Tilbyr 100/100 som lågaste kapasitet. Kunne klart oss med under halvparten. Har i tillegg skrudd opp prisen med 41 kr/mnd. Luse gjort når ein har monopol på fiber i området.
Hei, Takk for tilbakemeldinga di. Vi forstår at behova kan variere, og prisjusteringa er nødvendig for å oppretthalde og vidareutvikle tenestene våre. Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål eller ønsker å diskutere dette vidare. Helsing oss i Enivest
Det er for ustabilt. Eg har hjemmekontor og merker det i td Teams at eg må slå av bildet ellers bjynder lyden å hakke.
Hei Alexander, Takk for tilbakemeldinga di. Dette er ikkje slik det skal vere, og vi vil gjerne hjelpe deg med å finne ei løysing. Ta gjerne kontakt med oss, så kan vi undersøke og rette opp eventuelle problem med tilkoplinga di. Helsing oss i Enivest
Rask service om det er problem. Overkommelig pris 10/10
Hei Ole, Tusen takk for tilbakemelding! Så kjekt å høyre at du er fornøgd med både servicen og prisane våre – det motiverer oss til å fortsette å levere topp kvalitet! 😊 Helsing oss i Enivest